Musikk Album

QUEST nytt album kommer 1 mai

MÖBIUSBAND

Tittelen Møbiusband spring ut av måten dette albumet har blitt til på. Musikken har blitt improvisert fram gjennom ein langsam og stegvis prosess, ei reise gjennom eit landskap der vegen vidare ikkje alltid har vore opplagd. Tid har spelt ei viktig rolle, både ved at prosessen har tatt tid og gitt rom for ettertanke, men også ved at kvar innspelingsøkt har peika både bakover og framover på same tid. Slik har notid blanda seg både med fortid og framtid i ei form for samtidig usamtidigheit. For kvar musikar har innspelingsprosessen handla om å bygge vidare på det materialet som låg føre, og som hadde endra seg undervegs. Fleire gonger enda vi opp ein annan stad enn vi trudde då vi starta. Plata kan lyttast til som eit musikalsk Möbiusband, eller som utforsking av eit ulendt terreng som endrar seg for kvar runde ein går.

Andreas Barth – trommer, nøkkelharpe • Erik Fooladi – trommer, perkusjon, munnharpe • Geir Hjorthol – trompet, elektronikk, perkusjon, stemme • Torleif Sagstad – el-gitar, elektronikk

Quest – presentasjon og kort historikk

Improbandet Quest såg dagens lys i 2000 og har halde det gåande sidan, med litt skiftande besetning. Etter at Torleif Sagstad, gitaristen vår gjennom mange år, døydde i 2025, ser besetninga ser slik ut: 

Andreas Barth – perkusjon, nøkkelharpe, elektronikk, naturlydar
Erik Fooladi – perkusjon, munnharpe, naturlydar
Geir Hjorthol – trompet, stemme, elektronikk

Torleif var med og starta bandet i 2000, saman med Geir Hjorthol, og har vore med heile vegen, heilt til han brått gjekk bort i 2025. Frå starten har også pianist og komponist Magnar Åm vore med på ymse prosjekt. Songaren Merethe Welle var med nokre år, før ho flytta til Nord-Noreg. Erik Fooladi kom med i bandet eit par år etter oppstarten, og litt seinare blei også Andreas Barth med. 

Musikarane i Quest har ulik musikalsk bakgrunn, men gjennom mange års samspel har dei utvikla ein tett kommunikasjon med eit særprega uttrykk. Musikken til Quest er prega av sjangerblanding kombinert med improvisasjon utan definerte «låtar» på repertoaret, og kan kanskje best definerast som «sjangeruavhengig impromusikk». Lyden frå instrumenta, med perkusjon, trompet og el-gitar som berande element, kan bli supplert av folkemusikkinstrument (nøkkelharpe, munnharpe) og sampla lydar frå omgjevnadene (natur, stemmer mm.), gjerne omforma live gjennom elektronisk prosessering. Det berande elementet er kollektiv improvisasjon.

Eit særtrekk ved bandets aktivitet har vore ei rekkje samarbeidsprosjekt med utøvarar innanfor andre kunstnariske uttrykksformer: litteratur, kor, dans og fotografi. Her følgjer ei liste over nokre utvalde konsertar og prosjekt bandet har hatt:

• Debutkonsert med Quest (Geir Hjorthol (trompet), Torleif Sagstad (gitar), Magnar Åm (piano) og Sæbjørn Dale (trommer/perkusjon). Volda kyrkje  2000.

• Heilt frå starten har bandet hatt ei rekkje 12-konsertar i Volda kyrkje.

• Konsert på Teaterfabrikken i Ålesund, med Magnar Åm, Merethe Vadstein Welle, Sæbjørn Dale og i 2001.

• 2004–2005: Innspeling og utgiving av albumet Rom(Questmusic). Erik Fooladi (perkusjon, elektronikk, stemme), Geir Hjorthol (trompet, elektronikk, stemme) og Torleif Sagstad (gitar, elektronikk). Opptak, miksing og mastring: Manfred Kietzke. Plata vart godt motteken. Meldaren i Jazznytt skreiv: «Det var enkle skisser, trudde eg, men kvar gong finn eg nye lag. Nokre av dei er kjølege og vakre, slik kaldt vinterleg landskap ut mot havet kan være, andre er glovarme, arge og fulle av ropande krefter.[…] Når ein lyer til denne musikken vil ein leite etter, og finne sine eigne bilete og motiv i det abstrakte – slik det er i biletkunst og i poesi.» 

• Konsert med naturfotograf Gunnar Wangen under Norsk fjellfestival på Åndalsnes i 2006.

• Bandet har samarbeidd mykje med forfattaren Lars Amund Vaage :
– «Tankesongen – poesikonsert under Dei nynorske festspela i 2008
– «Utanfor institusjonen» – poesikonsert under Kvinnherad kulturfestival i 2010.
– Poesikonsert under Litteratursymposiet i Odda i 2013
– Poesikonsert under Kvinnherad kulturfestival i 2014

      Quest med Lars Amund Vaage. Litteratursymposiet i Odda, 2013 (foto: Ingrid Opedal)

• Konsertar med det japanske bandet Asian Wings (med Sizzle Ohtaka), Rokken Scene i 2006 og 2013, den siste også med dansaren Einy Åm Sparks.

Quest, Asian Wings og Einy Åm (dans) på Rokken, 2013 (foto: Gunnar Wangen)

• Konsert på utescena, Moldejazz, 2007.

• Konsert på Grip, samme år som Moldejazz.

• Ei rekkje samarbeidsprosjekt med kor: Volda kyrkjekor (dir. Bert Handrick), ungdomskoret Digitalis (dir. Magnar Åm) og Volda Vokal (dir. Magnar Åm). Konsertar i Volda kyrkje i 2007, 2010, 2012. 

• «Berast fram», for akkordeon, båtmotor mm av Magnar Åm. Improvisasjonar ved Quest. MS Hindholmen, Vartdal 2016.

• Turné med kor i Tyskland i 2016. Konsertar i Geithan, Dresden og Leipzig med improvisasjon mellom satsane i Handricks verk Nicht das Ende, aber der Weg – für drei Chöre

• «Missa Brevis Voldensis» av Bert Handrick. Volda kyrkjekor, Volda vokal og Quest. Volda 2020.

• «Til Magnar». Innslag under feiringa av 60-årsdagen til Magnar Åm i Volda kyrkje 2012.

• Speling under den offisielle opninga av Kvivstunnellen, Volda/Hornindal i 2012.

Quest i Kvivstunnellen, 2012 (foto: Ingrid Opedal)

• Naturkonsertar i samarbeid med Magnar Åm og Høgskulen i Volda (naturguide-studiet): på Yksnøya i 2014 og på Bjørke (Notanaustet) i 2016.

Quest med Magnar Åm, naturkonsert på Yksnøya, 2014 (foto:Gunnar Wangen)

• Ei rekkje konsertar i Volda/Ørsta Jazzklubb, seinast i 2024. 

Quest på Volda/Ørsta Jazzklubb, Geiranger Bakeri 2020 (foto Ingrid Opedal)

• Innspeling av nytt album: Möbius-bandet (Farmorhuset recordings), med utgiving våren 2026.

Quest februar 2026

Kontakt:

Geir Hjorthol, ghjorthol@gmail.com

Andreas Barth, andreas@farmorhuset.com

Erik Fooladi, erik@fooducation.org